Målet med dagen var å gi deltakarane kunnskap og praktisk erfaring slik at dei kan kome godt i gang med kompostering på eigen gard, med bruk av vanleg gardsreiskap og tilgjengelege ressursar.

Kurshaldar var Nat Mead, pensjonert lektor og gardsmedarbeidar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Med over 40 års erfaring innan gardskala kompostering, delte Nat både fagleg tyngde og praktiske tips. Under hans rettleiing la vi opp ein kompost med ferskt gras, pelletert fiskeavføring, jord, kverna kvist, fôrrestar og talle frå hjort og sau, og gamal kompost som "startkultur". Det vart lagt vekt på prinsippa bak ei god blanding av materiale med rett balanse mellom karbon og nitrogen, og korleis ein kan bruke det ein har på garden til å skape ein næringsrik og stabil kompost.

Deltakarane fekk også sjå korleis komposten kan vendast for å sikre lufting og jamn nedbryting, og det vart gode diskusjonar om ulike utfordringar og moglege løysingar i komposteringsprosessen. Kurset gav deltakarane nyttig innsikt, praktisk erfaring og inspirasjon til å ta i bruk kompost som ein viktig del av eit berekraftig landbruk.

Ein vellukka dag med stort engasjement og godt fagleg utbyte!


Følg med- utover sommaren vil det bli laga ein enkel kompostrettleiar for å kome i gang med gardsskala kompostering!
Er du interessert i eit fysisk kurs? Ta kontakt med oss!

20250523 170653
20250523 170125
20250523 162845